Nesse Oppvekstsenter Album Lenkjer Om oss Om oss Om oss

Velkomen til Nesse Oppvekstsenter


 

Velkomen til Nesse oppvekstsenter si heimeside! 
Me er eit lite oppvekstsenter i Balestrand kommune. 
I år har me 5 born i barnehagen og 10 elevar på skulen frå 1.-7. klasse! 

 Sida er sist oppdatert 27. januar 
Årsplanar er no på plass i mappa!  
No i vår startar me opp eit prosjekt med å ordne opp etter "Dagmar" i Osen. Det er nok å ta tak i etter naturkreftene sine herjingar, men me går på med krum hals :) Eit viktig mål er at borna skal lære noko om naturkrefter. Presjektet er kommunalt og me får besøk no i vår av dei andre barnehagane i kommunen.
Sjå bilete under album:
http://nesseskule.no/?spes=galleri&hending=galleri&galleri=84 
Me har i haust hatt entreprenørskapsprosjekt der me forska litt på lokale stadnamn på Nessane. Me har laga utstilling og skilt som me skal henge opp. Me har hatt god og uvurderleg hjelp av fleire folk i bygda som har hjelpt oss med å samle opplysningar og fått skrive desse ned.
Nokre av elevane med skilta som me har laga framfor utstillinga.
Me har i haust òg hatt leselystprosjekt ved oppvekstsenteret der me har hatt ekstra stort fokus på lesing i nokre veker. Det er kjekt å sjå kor lesegleda blomstrar under eit slikt prosjekt.
To gode vener i lesekroken
Då me hadde entreprenørskapskafé, hadde me triveleg besøk av både bygdafolk og folk frå kommunen.
Overrekking av teikningshefte frå borna ved oppvekstsenteret til avtroppande ordførar Einar Målsnes
 Dersom du ynskjer å sjå fleire bilete kan du gå inn på albumet:
Entreprenørskapsprosjekt, leselystprosjekt og lesevake
Fredag den 16. september hadde me energikamp ved Nesse oppvekstsenter. Me fekk låne energikamphengaren frå Sunde skule i Førde med mykje spanande konkuransemateriale! Me var i tillegg så heldige at me fekk besøk av dei kjekke 6. klassingane ved Sagatun skule. Me hadde ein flott dag med strålande sol og godt humør!
Om du vil sjå fleire bilete, kan du gå inn i albumet enten ved å klikke på album eller  ved å klikke på linken under:
Energikampen

   
Elevane i 1.-3. klasse har studert dekorasjonsforma RANGOLI. Her kan de sjå bilete frå praktiseringa på skuleplassen. 


 Skulestart 2011-12
Tur i Kvamsøy

AKTUELT NO: 
Me har no laga ei mappe som heiter "viktig informasjon 2011-12" under "Om oss" der me har lasta opp ulike dokumnet som til dømes skuleruta og det nye felles ordensreglementet for alle skulane i Balestrand kommune. Dette felles ordensreglementet skal gjer det enklare å handtere ulike situasjonar på lik måte i heile kommunen. Kvar skule står fritt til å lage ei forenkla utgåve med lokale tilpassingar som er enklare å forhalde seg til for elevar og foreldre. Dokumenta finn du og om du klikkar på linken under.
Viktig informasjon 2011-12

 Elevane i 5.-7. klasse fekk full valutta for pengane då dei fekk seg ein flytur frå Bringeland til Nessane onsdag 8. juni. Sjå fleire bilete under albumet! 

 


 






Skulerute for 2010 2011